Da fosningane var møringar

Da fosningane var møringar

Publisert av John Ola Selbekk den 01.11.23.

 Fosningane var ikkje trønderar i mellomalderen, dei var møringar.

Møre strekte seg frå Stad til Byrða, halvøya mellom Osen og Flatanger. Møre bestod av tre fylke: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Fosningane hørte til Nordmøre. Ragnvald Mørejarl, i siste halvdel av 800-talet, rådde over heile Møre, etter namnet å dømme.

Trønderane heldt til inne i Trondheimsfjorden, frå Orkdalen til Sparbu. Dette var þróndheimr, Trondheimen. Her organiserte dei seg i 8 fylke, og her etablerte dei ein gong i yngre jarnalder eit felles lovområde, þrœndalǫg, med Øratinget ved Nidarosen, i gammal tid også Mære, som felles allting. Møre og Namdalen var ikkje med i denne lovfellesskapen. Dei kom inn seinare, truleg på 900-talet, kanskje da Frostatinget vart organisert. Frostatinget var ikkje eit allting, men eit representasjonsting, med representantar frå alle fylka, og med Lagatún, Logtun, på Frosta som tingstad.

Kva namnet Trøndelag fortel

Folkenamnet trønder (gno. þrœndr, genitiv fleirtal: þrœnda) har vi i dag bevart i namna Trøndelag og Trondheim. þrœndalǫg var ‘lovområdet til trønderane’, og þróndheimr var ‘heimen til trønderane’.

Namnet trønder har vorte sett i samband med verbet þróast ’vekse, trivast’. Meir rimeleg er det vel å ta utgangspunkt i at Trondheimsfjorden sikkert har hatt eit anna namn frå først av, og at ordet trønder et avleidd av det. Fjorden har truleg heitt *þrónd eller *þróund, og folkenamnet trønder betydde da ’dei som budde ved Þró(u)nd’.

Andreledda i þróndheimr og þrœndalǫg er det grunn til å stoppe litt ved. Trønderane var den einaste folkestammen i Noreg som kalla området sitt for heimr ‘heim’.

Elles omtala trønderane altså området sitt som lǫg ‘lovområde’. Dette er særleg interessant. Området vart altså ikkje kalla þrœndaríki (tilsvarande Ringaríki), noe som ville ha markert at det var eit småkongerike. Området vart heller ikkje kalla þrœndamǫrk (tilsvarande þelamǫrk) som ville ha markert området som eit utkantområde. Heller ikkje fekk området det nøytrale namnet þrœndaland. Området vart kalla þrœndalǫg.

Bonderepublikk i Trøndelag, høvdingmakt på Møre

Namnet Trøndelag tek oss da rett inn i det gamle trøndske stammesamfunnet og fortel at her var det ikkje kongar som rådde; samfunnet var demokratisk og «republikansk» organisert, bygd på lov og ting og ikkje berre av makt.

Den trøndske bonderepublikken vart utfordra på 800-talet, først av Håløygjarlane som slo seg ned på Lade, og så av Hårfagreætta. Republikken drog i land ein siger på Stiklestad i 1030, men sigeren viste seg å bli til tap. Den kraftige motstanden mot rikskongedømmet førte til omfattande konfiskasjonar, og trønderrepublikken gjekk under.

Men fosningane var ikkje med i trønderrepublikken. Dei var møringar, og Møre ser ut til å ha vore meir  høvdingdominert, eit område der makt i større grad rådde over rett. Giske på Sunnmøre var truleg det største maktsentret. Mørejarlane kan ha hatt tilhald der frå 800-talet. På den tida gjorde kanskje Håløygjarlane (Ladejarlane) seg gjeldande i Fosen.

Trass i høvdingmakta var det nok ei viss lovregulering på Møre òg. Heile Møre kan ha hatt eit felles ting på Tingvoll, der også fylkeskirka for Nordmøre vart bygd. Tingvoll var ein liten gard, ikkje noen typisk høvdinggard. Kanskje var staden valt for å hindre at ein høvding skulle få for stor makt.

Kva namnet Møre fortel

Namnet Møre (gno. Mœrr, dativ: Mœri) har også mykje interessant å fortelje. Ordet har ganske sikkert samanheng med gno. marr m = ’hav’ (Norsk stadnamnleksikon). Møre var altså ‘landet ved havet, havlandet’.

Denne tydinga gjer det muleg å finne ut kven det var som gav Møre namn!

Møringane sjølve ville ikkje ha funne på å kalle området sitt for Havlandet. I Fylkeshistoria for Møre og Romsdal (1990) heiter det at namnet var gitt av dei som ferdast langs kysten. Det er opplagt ikkje tilfelle. Dei som for langs kysten, reiste gjennom havland heile vegen, og Møre merka seg ikkje ut som noe havland med stor H.

Nei, namnet må vera gitt av folk som ikkje hørte heime i eit havland. Namnet må vera gitt frå innlandet. Kvar ifrå, da?

Det var folk frå fleire innlandsbygder som hadde samband med Møre – frå Gudbrandsdalen over Lesjaskogen til Åndalsnes, og frå Oppdal gjennom Drivdsalen til Sunndalsøra. Det er likevel ikkje truleg at namnet Møre, Havlandet, skriv seg frå gudbrandsdølane og oppdalingarne som besøkte marknadsplassane inni fjordbotnane. Det var neppe naturleg for dei å omtala dette fjordlandskapet som eit havland, og dessutan hadde dei ikkje «tyngde» nok til å få det namnet dei sette på området, akseptert i heile landet.

Da sit vi igjen med éin kandidat som namngivar for Møre: trønderane. Møre må ha vorte namngitt frå Trondheimen, bygdene nord, aust og sør for Trondheimsfjorden. Når trønderane kom ut til þróndheimsmynni (munningen av Trondheimsfjorden) og passerte Agdanes, kom dei til eit kystområde fullt av øyar, holmar, skjær og grunnar, heilt annleis enn det fjordlandskapet dei hadde heime. Og enten trønderane skulle sørover eller nordover, så fekk dei oppleve området frå havsida og ikkje frå fjordbotnane. For trønderane var det heilt naturleg å kalle dette området for Havlandet, og trønderane hadde tyngde nok til at det namnet dei sette, vart landsgyldig.

 

Johan G Foss